Det har blitt lagt ut ny versjon av det eine dokumentet på det forrige innlegget, regnskap for 2014 og budsjett for 2015, så før du møter på årsmøte i morgon, må du sjekke om du har siste versjon. I tillegg kjem eit ekstra dokument i dette innlegget, balanse som du må gjere deg kjend med. […]
Forfatterarkiv:John Andreas Bjørdal
Innkalling til årsmøte i Håvoll småbåtlag 2015
Håvoll småbåtlag kaller inn til årsmøte for 2015 komande fredag kl.18.00. Dei faste kokkane vil by på fiskesuppe av det beste slaget. Dokumenta vedrørande møtet vil ligge ved under. Velkomen Innkalling til årsmøte 2015 Årsmelding for 2014 20150225 Regnskap for 2014 og budsjett for 2015
Reparasjon på klubbhuset er utført
Skadane som klubbhuset fekk etter «Ole» på inngangspartiet og taket, vart raskt reparert. Vi vil rette ei takk til Knut og Eldar Halse for rask handling og flott innsats. Styret
Årsmøte Håvoll Småbåtlag
Det vert årsmøte i Håvoll Småbåtlag Fredag 27 Februar kl.18.00 på Klubbhuset. Vel møtt. Helsing Styret
Orkanen «Ole»
Orkanen «Ole» har påført hamna en del skade. På Klubbhuset er det skade på tilbygget. Samt der har løsnet en del takheller. Porten på Brygge 4 har fått skade på siden mot sjøen. På flytebryggene har en båt på brygge 2 slitt seg og påført en utrigger skade. Styret ber om at alle som har […]
Dugnadslister 2014
Til alle medlemmar. Laget ynskjer å få oversikt over dugnad utført i laget sin regi i løpet av 2014. I den forbidelse ber vi medlemmane opne ei av lenkene lenger nede i dette innlegget (Timeliste HSBL Pdf eller Timeliste HSBL Word), og bruke ein av dei for å sende inn sine opplysningar. Word-versjonen: Du kan […]
Vatnet vert stengt 1 november
Til medlemane i laget Småbåtlaget kjem til å stenge vatnet den 1 november eller før om det er meldt frost. For laget Jon Inge Vinjevoll
Referat frå ekstraordinært årsmøte 2014
Då er referatet frå ekstraordinært årsmøte lagt ut på sida. Du finn det under møtereferat i øverste menylinja, eller du kan trykke her. For laget Jon Inge Vinjevoll
Innkalling til ekstraordinært Årsmøte
Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Håvoll småbåtlag fredag den 23 mai kl.18.00 på klubbhuset. Sakliste: Sak 1: Godkjenning av innkalling Sak 2: Mudring av hamna. I påska, under spesielle forhold, opplevde vi at medlemmer av småbåtlaget gjekk seg faste i botnen med kjølen på seglbåtane sine. Dette vart teke opp […]
Ver obs! på grunner i hamna
I forrige veke hadde minst 2 seglbåteigarar vanskar når dei skulle ut og inn i hamna. Dei gjekk seg på ei grunne som ved fjøre sjø kan vere eit problem for båtar med djup kjøl. Håvard Bjørndal har funne eit bilete av hamna der han har teikna på denne grunna. Han meiner det er grunn […]