Innkalling til ekstraordinært Årsmøte

Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Håvoll småbåtlag fredag den 23 mai kl.18.00 på klubbhuset.

Sakliste:

Sak 1: Godkjenning av innkalling
Sak 2: Mudring av hamna.
I påska, under spesielle forhold, opplevde vi at medlemmer av småbåtlaget gjekk seg faste i botnen med kjølen på seglbåtane sine. Dette vart teke opp på styremøtet etter påske, der det vart vedteke å gå vidare med saka og innhente pristilbod med aktuelle entreprenørar.
Dette er no utført, og vi ventar på eit pristilbod med Entreprenør Tommy Solheim a/s . Styret ønsker at årsmøtet behandler denne saka og tek stilling til enten det aktuelle beløpet om tilbodet ligg føre, eller ei kostnadsramme som styret vil forholde seg til.

Det vert servert kaffi.

Vel møtt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *