Dugnadslister 2014

Til alle medlemmar.

Laget ynskjer å få oversikt over dugnad utført i laget sin regi i løpet av 2014. I den forbidelse ber vi medlemmane opne ei av lenkene lenger nede i dette innlegget (Timeliste HSBL Pdf eller Timeliste HSBL Word), og bruke ein av dei for å sende inn sine opplysningar.

Word-versjonen: Du kan opne den, fylle inn opplysningane du har og sende den som som vedlegg i ein mail til jon@kaarstad.priv.no

Pdf-versjonen: Du kan skrive den ut og fylle inn dine opplysningar med penn, for deretter å sende den i brev til økonomiansvarleg som er :

Jon Kårstad
Enokmarka 23
6160 Hovdebygda

 

Årsmøtet er siste frist for å sende inn dugnadslister.

TImeliste-HSBL Word

TImeliste-HSBL Pdf

Innkalling til ekstraordinært Årsmøte

Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Håvoll småbåtlag fredag den 23 mai kl.18.00 på klubbhuset.

Sakliste:

Sak 1: Godkjenning av innkalling
Sak 2: Mudring av hamna.
I påska, under spesielle forhold, opplevde vi at medlemmer av småbåtlaget gjekk seg faste i botnen med kjølen på seglbåtane sine. Dette vart teke opp på styremøtet etter påske, der det vart vedteke å gå vidare med saka og innhente pristilbod med aktuelle entreprenørar.
Dette er no utført, og vi ventar på eit pristilbod med Entreprenør Tommy Solheim a/s . Styret ønsker at årsmøtet behandler denne saka og tek stilling til enten det aktuelle beløpet om tilbodet ligg føre, eller ei kostnadsramme som styret vil forholde seg til.

Det vert servert kaffi.

Vel møtt

Ver obs! på grunner i hamna

I forrige veke hadde minst 2 seglbåteigarar vanskar når dei skulle ut og inn i hamna. Dei gjekk seg på ei grunne som ved fjøre sjø kan vere eit problem for båtar med djup kjøl. Håvard Bjørndal har funne eit bilete av hamna der han har teikna på denne grunna. Han  meiner det er grunn til å utvise ekstra aktsomhet ved lav vannstand, marsfjøre og høgtrykk gir lite vatn. Han har laga eit plott på biletet som viser områder som har mindre djubde enn 1,5m. Trykk på biletet for å få det større.

Her ser du dei omtalte grunnene avmerkt
Her ser du dei omtalte grunnene avmerkt

Dugnadslister 2013

Til alle medlemmar.

Laget ynskjer å få oversikt over dugnad utført i laget sin regi i løpet av 2013. I den forbidelse ber vi medlemmane opne ei av lenkene lenger nede i dette innlegget (Timeliste HSBL Pdf eller Timeliste HSBL Word), og bruke ein av dei for å sende inn sine opplysningar.

Word-versjonen: Du kan opne den, fylle inn opplysningane du har og sende den som som vedlegg i ein mail til jon@kaarstad.priv.no

Pdf-versjonen: Du kan skrive den ut og fylle inn dine opplysningar med penn, for deretter å sende den i brev til økonomiansvarleg som er :

Jon Kårstad
Enokmarka 23
6160 Hovdebygda

 

Årsmøtet er siste frist for å sende inn dugnadslister.

Timeliste HSBL Pdf

Timeliste HSBL Word