Referat frå årsmøtet 2012 i Håvoll Småbåtlag. (HS)

Årsmøtet vart halde den 03.02.2012 kl 18.00 på klubbhuset i Rjåneshamna.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Val av møteleiar, møtesekretær og 2 personar til å skrive under referatet.
  3. Godkjenning av årsmelding og fastsetjing av årsrekneskapen.
  4. Fastsetjing av medlemskontingent, årsavgift, innskot og pris ved omsetjing av båtplassar.
  5. Mottekne forslag
  6. Investeringsplanar og fastsetjing av budsjett, samt orientering om ny bryggeløysing.
  7. Vedtektsendring §5 Årsmøte – innkalling
    Laget har i dag så mange medlemmer at det er mykje arbeid å sende ut innkalling pr post. Styret kjem med forslag om at innkallinga kan sendast ut pr e-post eller kunngjering på lagets heimeside.Styret sitt forslag til ny tekst: ”Sakliste med årsmelding og rekneskap kan sendast ut per post, e-post eller leggast ut på laget si heimeside.”
  8. Val av styre.

Leiar Helge Ressem ynskte velkomen til årsmøtet.

34 medlemmer var møtt fram og det låg føre 4 fullmakter, totalt 38 stemmer.

Sak 1. Innkallinga vart samrøystes godkjend.

Sak 2. Helge Ressem vart vald til møteleiar.

Jon Kårstad vart vald til møtesekretær.

Håvard Bjørndal og Jørgen M. Clausen vart valde til å skrive under årsmøtereferatet.

Alle samrøystes.

Sak 3. Leiar Helge Ressem las opp årsmeldinga om laget sin aktivitet i 2011.

Deretter las han opp rekneskapen for 2011 som viser eit overskot på kr 14472,10

Årsmeldinga og rekneskapen vart samrøystes godkjende.

Revisjonsrapporten frå Arne Osvik og Sverre Sørdal vart opplesen.

 Sak 4. Forslag til nye satsar for kontingent, årsavgift og innskot vart lagde fram og dei nye satsane er:

Bredde båtplass 2.0 m 2.5 m 3.0 m 3.5 m 4.0 m 4.5 m
Årsavgift 2012 2000 2500 3000 3500 4000 4500
Pris båtplass 2012 35200 44 300 53300 62400 71500 80500
Pris innløysing 2012 33200 42300 51300 60400 69500 78500

I tillegg kommer medl.avg. på 700.

Dei nye satsane vart samrøystes vedtekne.

Sak 5.

Det var kome inn eit forslag frå Håvard Bjørndal om å fakturere medlemmer med båtplass for frikjøp av dugnadsarbeid. Dette på grunn av den store arbeidsmengda som vert i år.

Forslaget er at det vert fakturert 10 arbeidstimar á kr 150,- til alle medlemmer med båtplass. Dette vert fakturert på forskot saman med den ordinære årsavgifta. Det vert høve for det enkelte medlem å levere timelister for utført dugnadsarbeid etter at bryggeskiftinga er utførd, men med ei øvre grense for utbetaling på kr 4000,- pr båtplass. Timelister skal signerast av arbeidsbasen på dei einskilde prosjekta. Dette skal gjelde for prosjekta i 2012.

Forslaget vart samrøystes vedteke.

Sak 6.

Investeringsplanar og budsjettet for 2012 vart lese opp. Budsjettet viser eit overskot på kr 28200,-. Det vart vidare informert om arbeidet med dei nye bryggene som skal leggast ut og behovet for dugnadsarbeid i samband med dette.

Investeringsplanar og budsjett for 2012 vart samrøystes vedteke.

Sak 7.

Vedtektsendring §5 Årsmøte – innkalling.

Ny tekst skal lyde ”Sakliste med årsmelding og rekneskap kan sendast ut per post, e-post eller leggast ut på laget si heimeside”.

Forslaget vart samrøystes vedteke.

Sak 8.

Valnemnda sitt forslag til nytt styre:

Helge Ressem Leiar Attval 1 år

Håvard Bjørndal Nestleiar Attval 1 år

Jon Ivar Solvang Kasserar Ny 1 år

Hans Vegard Ryste Styremedlem Ny 2 år

Jon Andreas Bjørdal Styremedlem Ikkje på val 1 år igjen

Olav Bjørkedal Styremedlem Attval 2 år

Eldar Halse Styremedlem Ikkje på val 1 år igjen

Jørn Olsen Øie 1. vara Attval 1 år

Jon Inge Vinjevoll 2. vara Ny 1 år

Husnemnd: Oddlaug Nytun og Ann Katrin Yndestad

Sosialnemnd: Sverre Sørdal og Knut Halse

Revisorar: Sverre Sørdal og Odd Einar Vartdal

Valnemd: Jon Ivar Solvang , Bjørn Tore Aksnes og Hans Olav Øyehaug

Dei andre nemndene fekk styret i oppdrag å utnemne.

Valnemnda sitt forslag vart samrøystes vedteke.

Referent, Jon Kårstad.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *