Referat frå årsmøtet i Håvoll Småbåtlag 2014

ÅRSMØTE HÅVOLL SMÅBÅTLAG 21.02.2014 kl 1800

Klubbhuset på Rjåneset. 

Leiar i styret, Helge Ressem, ynskte velkomen. 31 frammøtte, herav 28 medlemmar med stemmerett.

Sak 1 Innkalling til årsmøtet. 

Vedtak:

Innkalling godkjent utan merknad.

 

Sak 2 Val av møteleiar, referent og 2 medlemmar til å underskrive protokoll 

Vedtak:

Møteleiar – Helge Ressem – samrøyses valgt

Referent – Oddvar Marøy – samrøystes valgt

2 til underskriving av protokoll – Einar Muren og Knut Halse – samrøystes valgt

 

Sak 3 Årsmelding

Leiar i styret, Helge Ressem gjekk gjennom årsmelding for 2013.

I tillegg til årsmelding orienterte Ressem om forhandlingane som er gjennomført med Norøna eigedom som er eigar av grunnen ved hamna som er regulert til bygging av naust. Det er ikkje kome til semje om pris for evt. overtaking av grunnen. Norøna eigedom har orientert om at dei planlegg sal av nausttomter. Styret i småbåtlaget har sendt inn merknader til motteke nabovarsel vedkomande konsekvensar ei utbygging kan få for  vegen som går sør for planlagd naustrekke og skade som kan kome på plastringa mot hamnebassenget.

Styreleiar orienterte og om arealbruken rundt hamna, dei forskjellige eigartilhøva mellom småbåtlaget, statens vegvesen, Norøna eigedom, Ørsta kommune og andre private grunneigarar.

Vedtak :

Framlagde årsmelding vedtatt utan merknad  – Samrøystes

 

Sak 4 Rekneskap for 2013

Kasserar for småbåtlaget, Jon Magnus Kårstad gjekk gjennom rekneskapen, resultat og balanse.

Småbåtlaget er i praksis gjeldfrie. Det kom fram merknad om måten laget avskriv verdi på molo, då dette gir eit feilaktig bilde av økonomien i laget.

Før avstemming av rekneskapen, vart revisjonsberetning framlgt. På dette grunnlag gjorde årsmøtet slikt samrøystes

Vedtak:

            Årsmøtet godkjenner framlagt rekneskap for 2013.

 

Sak 5 Investeringsplaner

Styret gjer framlegg om at arealet rundt havnebassenget vert asfaltert i 2014. Kostnader med asfaltering av ulike areal rundt hamna vart presentert. Handsaming av investeringsplanane vart gjort som del av sak om budsjett for 2014. Det er likevel semje om at asfaltering no har høgast prioritet for å få gjennomført.

 

Sak 6 Fastsetting av budsjett, medlemskontingent, årsavgift og innskot til investering og pris for omsetting av båtplassar. 

Styret presenterte sitt framlegg til satsar for 2014.

Oddvar Marøy fremja alternativt framlegg til sats for frikjøp av dugnadstimar med likt beløp for alle båtplassar, dvs kr. 650,- pr medlem. Forslaget fekk 1 stemme.

Styret sitt framlegg til vedtak:

Årsavgift                                                         kr 1 000,- pr breiddemeter brygge

Medlemsavgift uten plass                              kr 700,- pr.år.

Innskot til investering                                    kr 0,- pr breiddemeter brygge

Pris båtplass                                                   kr 19 600,- pr breiddemeter brygge

Pris innløysing av båtplass                            kr 18 600,- pr breiddemeter brygge

Frikjøp dugnad (10 timer)                            kr 200,- pr breiddemeter brygge

Straum fastpunkt                                           kr 200 pr år

Straum forbruk                                             kr 2,- pr kwt

Gjestedøgn med/uten straum                        kr 100,- pr døgn

Båtopptrekk                                                   kr 150,-

Leige av klubbhuset                                       kr 500,-/1 000,- + vask

Ved framleige av båtplass pliktar leigetakar å betale medlemskontingent til småbåtlaget frå første dag med leige.

Utbetaling av dugnad kr 100,- pr time inntil skattefri grense på kr 6 000,-

 

Vedtak :

Årsmøtet godkjenner Styrets framlegg til prisar for 2014 –  vedteke mot ei stemme.

 

Budsjett for 2014

Jon Magnus Kårstad gikk gjennom styret sitt framlegg til budsjett.

Budsjettet gir rom for å gjere investering med inntil kr 150 000,- innfor driftsramma for 2014.

Før avstemming vart det servert tradisjonell fiskesuppe, laga av småbåtlaget sin nestleiar og framifrå fiskesuppekokk, Håvard Bjørndal.

Ved drøfting om framdriftsplan for asfaltering vart fleire moment trekt fram som kan få konsekvensar for samla kostnadsbilde:

–        Asfaltering i fleire omganger over fleire år vil medføre høgare m2-pris for arbeidet.

–        Fare for at anleggsarbeid ved bygging av nye naust kan øydelegge gjennomført asfaltering dersom arealet nordvest i hamna vert utført i 2014

–        Ved tidleg oppstart vil delar av strandsona (Norøna eigedom) måtte vente med asfaltering

–        Store delar av areal som er aktuelt for asfaltering er ikkje eigd av småbåtlaget.

–        Samla invesering er ikkje på plass i 2014.

 

Det vart lagt fram fleire alternative forslag til framdrift og finansiering. Ressem presenterte arealoppmålingar av aktuelle areal som bør asfalterast og innhenta pris på dette.

Pris er retninggjevande og det vil vere aktuelt å hente inn tilbod frå fleire leverandørar.

Det er enighet i laget om at veiareal og parkering skal asfalterast, men det er usikkerheit om kva tidspunkt som er rett for gjennomføring.

 

Framlegg til vedtak:

Utsette avgjerd om asfaltering til neste årsmøte. – Vart ikkje vedteke

 

Framlegg til vedtak :

Styret får fullmakt til å asfaltere når tidspunktet vert vurdert å vere riktig i høve varsla entreprenørarbeid med bygging av nye naust.

Finansiering fordelast over flere år ved betaling av innskot på kr 650 pr båtplass i 2014, og truleg tilsvarande beløp neste år. – framlegget fekk 4 røyster

 

Styret sitt framlegg til vedtak (blir gjenteke utan omsetting sjølv om det er på bokmål):

Styret gis fullmakt til å asfaltere når tidspunktet er riktig i forhold til entreprenørarbeid med bygging av nye naust. Finansiering fordeles over flere år, med at det betales innskudd på kr 200,- per breddemeter i år og det forventes noe tilsvarende beløp neste år.

 

Framlegget frå styret vart vedteke mot 4 røyster.

 

Budsjett 2014

Ved handsaming av framlegde budsjett vart dette som følgje av investeringsvedtaket samrøystes godkjent utan endringar. 

 

Sak 7 Innkomne framlegg

Det er ikkje kome inn framlegg til saker frå medlemmane

Leiar Helge Ressem presiserer også at ved publisering av sakene til årsmøtet på heimesida, bør ein til framtidige årsmøter også gjere kjent styret sine innstillingar til vedtak som vedkjem kontingentar og investeringsplanar med kostnad, slik at medlemmane kan bu seg før årsmøtet.

 

Sak 8 VAL

Valnemda sitt framlegg til kandidatar til ulike verv vart samrøyses vedteke ved aklamasjon og ser for 2014 slik ut:

STYRET

Leiar                  Helge Ressem                        Attval – vald for 1 år

Nestleiar            Håvard Bjørndal                    Attval – vald for 1 år

Kasserar             Jon Kårstad                            Attvald – vald for 1 år

Styremedlem     Jon Ivar Solvang                    sit eit år til – ikkje på val

Jon Andreas Bjørdal              sit eit år til – ikkje på val

Olav Bjørkedal                      Attval – vald for 2 år

Eldar Halse                            Attval – vald for 1 år

1. vara                Jon Inge Vinjevoll                  Attval – vald for 1 år

2. vara                Kjell Erik Vikestrand             NY – vald for 1 år

 

Husnemd           Eva Iren Halse

———

Sosialnemnd      Knut Halse

——–

Revisorar           Sverre Sørdal

Ståle Liadal

Valnemd            Kjell Erik Vikestrand

Arve Johan Yksnøy

Hans Olav Øyehaug

 

 

………………………………………………………                               ………………………………………………..

Einar Muren                                                              Knut Halse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *