Referat frå årsmøtet i Håvoll småbåtlag 2013

Referat frå årsmøtet i Håvoll småbåtlag 2013

Årsmøtet vart halde den 15.02.2013 kl. 18.00 på klubbhuset i Rjåneshamna.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling.
2. Val av møteleiar, møtesekretær og to personar til å skrive under referatet.
3. Godkjenning av årsmelding og fastsetting av årsrekneskap.
4. Fastsetjing av medlemskontingent, årsavgift, innskot og pris ved omsetting av båtplassar.
Styrets forslag som det vil bli gjort greie for på årsmøtet:
Årsavgift kr. 1.100,- per breiddemeter (for 2012 kr. 1.000,-)
Medlemsavgift utan plass kr. 700,- (for 2012 kr. 700)
Innskot til investering/nedbetaling av lån kr. 1.000,- per breiddemeter (2012 kr. 0,-)
Pris båtplass kr 18.600,- per breiddemeter (for 2012, litt varierande, men kr. 17.600,- for minste plassane).
Pris båtplass innløysing kr 17.600,- per breiddemeter.
Frikjøp dugnad innbetaling (10 timar) kr. 1500,- per båtplass. (for 2012 kr 1.500,-)
Straum fastpunkt, årsavgift kr 200,- og kr. 500,- er foreslått. (2012 kr. 0,-)
Straum forbruk kr 2,- per kWh (for 2012 ca 1,25).
Gjestedøgn med/utan straum kr. 100,-
Båtopptrekk kr. 150,- (for 2012 kr. 150,-)
Leige av klubbhuset kr. 500,- (for 2012 kr 500,-).
Utbetaling dugnad kr 100,- per time, maks 4.000,- skattefritt (for 2012 kr. 100,-)
5. Mottekne forslag.
6. Investeringsplanar og fastsetjing av budsjett, herunder orientering om forhandlingar med Rjånes ungdomssenter om kjøp av gnr. 1 bnr. 4.
7. Forslag frå styret om leigetakar betalar for medlem utan plass frå første dag.
Styret har til tider hatt unødig stor utfordring med å finne eigar til båtar som ligg på framleige. Regelen i dag er slik at ein må verte medlem ved leige over 3 månader. Styret vil foreslå at leigetakar betalar frå første dag. Dermed har styret også informasjon over kven som er leigetakar.

8. Forslag om styrefullmakt til tilsetting av tilsynsperson.
Ein marina med 145 båtplassar krev regelmessig tilsyn og vedlikehald. Tidevatn, vêr og vind gjer at der er til dels store påkjenningar på bryggje og fortøyingar som er i konstant bevegelse. Styret har arbeidd med ulike løysingar for å ivareta tilsyn og vedlikehald på ein tilfredsstillande måte. Styret vurderer det som vanskeleg å få til ei løysing på vanleg dugnad og vil fremme forslag om fullmakt til å tilsette ein tilsynsperson. Det vil bli orientert meir detaljert om saka på årsmøtet.
9. Val

 

Referatet frå møtet:
Leiar Helge Ressem ynskte velkomen til årsmøtet.
33 medlemmer var møtt fram, totalt 36 stemmer.
Sak 1. Innkallinga vart samrøystes godkjend.
Sak 2. Helge Ressem vart vald til møteleiar.
Hallvard Yksnøy Bergmann vart vald til møtesekretær.
Jon Ivar Solvang og Jon Andreas Bjørdal vart valde til å skrive under årsmøtereferatet.
Alle samrøystes.
Sak 3. Leiar Helge Ressem las opp årsmeldinga om laget sin aktivitet i 2012.
Deretter las han opp rekneskapen for 2012 som viser eit overskot på kr. 210.285.
Frå 1. oktober 2012 vart ØB Regnskap engasjert til å føre rekneskap for å avlaste styret. Dei sender ut innkallingar, fakturaer og har oppfølging av fakturering etc. Dei rosar laget sitt arbeid og seier det er svært oversiktleg og ryddig og gjev eit korrekt bilete av økonomien i laget.
Årsmeldinga og rekneskapen vart samrøystes godkjende.
Sak 4. Fastsetjing av medlemskontingent, årsavgift, innskot og pris ved omsetting av båtplassar.
Dei nye satsane er:
Årsavgift kr 1.100,- per breiddemeter (kr 1000,- fekk 4 stemmer)
Medlemsavgift utan plass kr. 700,-
Innskot til investering/nedbetaling av lån kr. 1.000 per breiddemeter (Ingen innbet. fekk 6 stemmer)
Pris båtplass kr 18.600 per breiddemeter.
Pris innløysing kr 17.600 per breiddemeter.
Frikjøp dugnad 10 timar kr 1.500,- per båtplass
Straum fastpunkt, årsavgift kr. 200,- ( 500 kr fekk ingen stemmer)
Straum forbruk kr 2,- per kWh.
Gjestedøgn med/utan straum kr. 100,-
Båtopptrekk kr. 150,-
Leige av klubbhuset kr 500,- (berre for medlemmer)
Utbetaling dugnad kr 100,- per time, maks 4000,- skattefritt.

Dette er prisane for båtplass i 2013:

Breidde båtplass 2.0 m 2.5 m 3.0 m 3.5 m 4.0 m 4.5 m Medl. avg.
Årsavgift 2013 2.200 2.750 3.300 3.850 4.400 4.950
Medlemsavg. 2013 700
Pris båtplass 2013 37.200 46.500 55.800 65.100 74.400 83.700
Pris innløysing 2013 35.200 44.000 52.800 61.600 70.400 79.200

Med desse satsane på årsavgift og innskot til investering/nedbetaling av lån vil laget vere gjeldfritt i 2015. Dette vil då føre til lågare årsavgift for medlemmene i laget.
Dei nye satsane vart samrøystes vedtekne, bortsett frå årsavgift (mot 4 stemmer) og investering (mot 6 stemmer).
Sak 5. Mottekne forslag. Det var ikkje kome inn forslag.
Sak 6. Investeringsplanar og fastsetjing av budsjett, herunder orientering om forhandlingar med Rjånes ungdomssenter om kjøp av gnr. 1 bnr. 4.
Framlagt budsjett viser eit overskot på kr 164.000,-
Det ligg ikkje ligg føre spesielle investeringsplanar. I hovudsak å gjere ferdig påbegynt arbeid. Asfaltering etc. Jon Ivar Solvang informerte om arbeidet med straum som er gjort. Det er no 80 straumpunkt og lysmaster ved alle bryggjer og overvaking med kamera. Dette arbeidet skal vere ferdig i mars 2013. Dei som skal ha punkt på bryggjene må kontakte Jon Ivar. Ved behov for fleire punkt vert det sett opp.
Ørsta kommune skal overta grunnen Statens vegvesen no eig og småbåtlaget må difor inngå avtale med kommunen. Til Statens vegvesen har det ikkje vore betalt noko. Grunneigar Langlo er godt nøgd med samarbeidet og vil fornye avtalen på same vilkår som før.
Rjånes ungdomssenter var representert ved Roger Vartdal. Dei kan tenkje seg å selje gnr. 1 bnr. 4. Tomta er taksert av Ose Ingeniørkontor, til kr 1.475.000,- Det vil vere ein vidare dialog med Rjånes ungdomssenter om kjøp av grunnen. For å gjere seg nytte av tomta må det til ei justering, evt. ei omregulering, slik det er no er det lite aktuelt å byggje ei naustrekkje på tomta. Styret vil arbeide vidare med saka.
Sak 7. Forslag frå styret om leigetakar betalar for medlem utan plass frå første dag.
Det vart vedteke at leigetakar av båtplass skal betale same som medlem utan plass frå første dag. § 10 i vedtektene endras tilsvarande. Dette for til ei kvar tid å vite kven som er leigetakar og eig båtane som ligg i hamna. Slik det har vore før har det vore nærast uråd å finne ut kven som eig båtar som ligg på framleige.
Sak 8. Forslag om styrefullmakt til tilsetting av tilsynsperson.
Arbeidet med tilsyn til marinaen kan ikkje dekkjast gjennom dugnad sidan det er eit for omfattande arbeid. Nokon bør difor ha det daglege tilsynet, og lønnast for arbeidet. For å få dette i hamn er ein avhengig av å få rett person til arbeidet. Styret får fullmakt til å skaffe og tilsette rett person.

Sak 9. Valnemnda sitt forslag til nytt styre:

Helge Ressem Leiar Attval 1 år
Håvard Bjørndal Nestleiar Attval 1 år
Jon Kårstad Kasserar Ny 1 år
John Ivar Solvang Styremedlem Ny 2 år
John Andreas Bjørdal Styremedlem Attval 2 år
Olav Bjørkedal Styremedlem Ikkje på val 1 år igjen
Eldar Halse Styremedlem Attval 1 år
Jon Inge Vinjevoll 1. vara Ny 1 år
Jørn Olsen Øie 2. vara Ny 1 år

Husnemnd
Oddlaug Nytun
Eva Iren Halse

Sosialnemnd
Sverre Sørdal
Knut Halse

Revisorar
Sverre Sørdal
Odd Einar Vartdal

Valnemnd
Kjell Erik Vikestrand
Arve Johan Yksnøy
Hans Olav Øyehaug

Valnemnda sitt forslag vart samrøystes vedteke.
Referent, Hallvard Yksnøy Bergmann.

_________________________________ __________________________________
John Ivar Solvang John Andreas Bjørdal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *