Referat frå ekstraordinært årsmøte 2014

Referat

Ekstraordinært årsmøte i Håvoll Småbåtlag 23. mai kl. 18.00

Frammøtte: 16 medlemmar, ein måtte gå før avstemning i sak 2.

Sak1: Godkjenning av innkalling og val av tillitsfolk under møtet

· Annonsert i Møre Nytt 16. og 20. mai

· På heimesida til Håvoll småbåtlag

Samrøystes godkjend

· Val av møteleiar: Helge Ressem

· Val av skrivar: Jon Ståle Lystad

· Val av Eldar Halse til å signere referatet

Samrøystes valde

Sak 2: Mudring av hamna

Møteleiar orienterte om bakgrunnen for at saka kom opp no.

«I påska, under spesielle forhold, opplevde vi at medlemmer av småbåtlaget gjekk seg faste i botnen med kjølen på seglbåtane sine. Dette vart teke opp på styremøtet etter påske, der det vart vedteke å gå vidare med saka og innhente pristilbod med aktuelle entreprenørar.
Dette er no utført, og vi ventar på eit pristilbod med Entreprenør Tommy Solheim A/S. Tilbodet som no er motteke er på omlag kr 1000.000,- Styret ønskjer at årsmøtet handsamar denne saka og tek stilling til enten det aktuelle beløpet, eller ei kostnadsramme som styret vil forhalde seg til”. Det er ikkje budsjettert med mudring for 2014

Det vart vist bilete av hamna med det aktuelle området og orientert om gravealternativet ved entreprenør Tommy Solheim A/S, og blåsing eller suging/vakum ved Moldskred Renovasjon eller andre aktørar.

Under debatten kom det fram også andre private løysingar og pilotprosjekt som kunne vere aktuelle. Få eller ingen gjekk inn for tilbodet frå grunnentreprenør Tommy Solheim.

Mange uttalte seg og viste interesse og viste at dei hadde god kjennskap til problemet. Men kva seglingsdjupne må ein ha i ei småbåthamn når vasstanden er ekstremt låg? Dette vart det litt diskusjon om utan at ein tok stilling til det konkrete talet, men fleire uttrykte ynskje om å finne ut meir om grunnforholda og moglege løysingar for å fjerne masse. Ein av medlemmene sette fram forslag om å avvise heile saka, utan at det vart røysta særskilt over det.

Framlegg frå Sverre Sørdal vart formulert slik av møteleiar:

Mudring av innløpet: Årsmøtet ber Styret utreide kostnader ved å mudre innløpet til god seglingsdjupne og legge det fram for årsmøtet 2015.

Mudring av Eikremfluda: Årsmøte gir Styret fullmakt til å utreide og evt. prøve ut i liten skala, mudring av Eikremfluda. Fullmakta gjeld innanfor ein økonomisk ramme på kr 100 000,-

Samrøystes vedteke (15 stemmer)

Det vart servert kaffi og noko å bite i under møtet.

Møteleiar takka for frammøte og ynskte god helg.

 

Jon Ståle Lystad

Referent

Referat i PDF

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *