Vedtekter og regler

REGLAR FOR BRUK AV RJÅNESHAMNA – jmf. leigekontrakt

  1. Leigetakar får tilvist plass av styret eller den styret oppnemner som ansvarleg for plasstildeling.
  2. Leigetakar pliktar å ha liggjande båt som ikkje er til hinder eller skaper ulempe for andre i hamna når den er fortøyd.
  3. Leigatakar skal rette seg etter dei regler og vedtekter som gjeld for Håvoll småbåtlag og etter dei påbod som småbåtlaget gjev.
  4. Leigatakar har plikt til å fortøye båten forsvarleg med fendring og tauverk av ein dimensjon som passar til båten. Fortøyningane skal vere forsynt med fjæring (gummistrekkere eller liknande).
  5. Leigatakar har plikt til å ansvarsforsikre båten så lenge den ligg i hamna.
  6. Dersom småbåtlaget finn grunn til det, er Leigatakar pliktig til å flytte til annan båtplass i hamna for eit kortare tidsrom eller varig.
  7. Småbålaget tek ikkje på seg ansvar for skade på Leigatakar sin båt eller utstyr av nokon som helst grunn medan båten er i hamna.
  8. Småbåtlaget tek heller ikkje på seg ansvar for skade som Leigatakar sin båt eller utstyr måtte gjere på andre sine båtar eller utstyr.
  9. Småbåtlaget tek ikkje på seg ansvar for personskade i hamneanlegget.
  10. Småbåtlaget har rett til erstatning for all skade som Leigatakar, båten hans eller anna som han eig, gjer på Rjåneshamna sin eigedom.
  11. Leigetakar disponerer ein nøkkel til portane i hamna.
  12. Når leigetida er ute skal nøkkelen leverast attende.
  13. Dersom L. misser nøkkelen, kan han få ny hjå Småbåtlaget mot betaling til pris som vert fastsett.
  14. Leigetilhøvet gjeld for eit år om gongen, og varer til ein av partane seier det opp skriftleg. Oppseiingsfristen er gjensidig 6 –seks- månader. Innskotet som L. har betalt, vert etter satsar bestem av årsmøtet, attendebetalt når båtplassen er leigd ut på nytt, og nytt innskot betalt, om då ikkje rett for HS til å halde igjen heile eller delar av L. sitt innskot er til stades.

 

VEDTEKTER HÅVOLL SMÅBÅTLAG        

1.      Namn – Formål

Laget sitt namn er Håvoll småbåtlag.

Laget har til formål å skaffe medlemane ein god og trygg båtplass.

Det skal arbeidast for:

  • Å ivareta småbåteigarane sine interesser
  • Sosialt samhald
  • Halde diskusjonsmøte om ting som vedkjem båteigarane
  • Bygge ut og vedlikehalde Rjåneshamna

 

2.      Medlemskap

a)   Einskildpersonar med interesse for båtliv skal kunne verte medlemer i laget.

b)   Ein kan vere medlem av laget utan å ha båtplass i hamna.

c)   Medlemer med båtplass betaler årsavgift, medlemer utan båtplass betaler medlemsavgift.

Alle som leiger båtplass må betale medlemsavgift til laget.

d)    Medlem utan båtplass har ikkje stemmerett på årsmøte.

 

  1. 3.            Styre

Laget vert leia av eit styre på 7 medlemer, leiar, nestleiar, kasserar og 4 styremedlemer. Styret skal ivareta økonomien og forretningsdrifta til laget, utarbeide planar for utbygging og legge dette fram for årsmøtet.

Styremøte vert å halde så ofte som formannen finn det naudsynt, eller når minst 4 styremedlemer krev det. Styret er vedtaksfør når 4 medlemer er til stades, deriblandt leiar eller nestleiar. Leiaren har dobbeltrøyst ved likt stemmetal.

Styret konstituerer elles seg sjølv og kan  peike ut medlem med ansvar for bestemte arbeidsområder og utnemne nemder etter behov.

 

  1. 4.            Medlemsavgift og stemmerett

Medlemsavgift og årsavgift vert å betale etter vedtak av årsmøtet.

Alle medlemar har alminneleg stemmeret i saker som gjeld småbåtlaget med unnatak av saker som gjeld båtplassane. I slike saker har berre medlemar som har båtplass stemmerett.

 

  1. 5.            Årsmøte

Årsmøte skal haldast kvart år innan 1. mars med 14 dagars varsel. Sakliste med årsmelding og rekneskap kan sendast ut per post, epost eller leggast ut på laget si heimeside.

Forslag som skal takast opp på årsmøtet, må vere komne inn til styret innan 1. februar.

 

Ordinært årsmøte skal handsame:

  1. 1.      Godkjenning av innkalling
  2. 2.      Val av dirigent
  3. 3.      Val av sekretær
  4. 4.      Årsmelding
  5. 5.      Rekneskap
  6. 6.      Fastsetjing av medlemskontingent, årsavgift og pris på  omsetting av  båtplassar
  7. 7.      Innkomne forslag
  8. 8.      Investeringsplanar og finansiering. Fastsetting av innskot.
  9. 9.      Val

9.1        Val av leiar for 1 år

9.2        Val av nestleiar for 1 år

9.3        Val av kasserar for 1 år

9.4        Val av 4 styremedlemar

9.5        Val av 2 varastyremedlemar

 

Styremedlemane veljast for 2 år om gongen, men første gang slik at minst halve styret sit att.

Eit medlem har rett til å nekte attval for like lang tid som ein har fungert i styret.

.For å gjere vedtaksendringar må minst 1/4 av medlemane vere til stades

Vedtak skal avgjerast med vanleg fleirtal, unnateke endringar av vedtektene som krev 2/3 fleirtal.

6.      Ekstraordinært årsmøte

Når styret finn behov eller når 1/5 av medlemane krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte.

Slikt møte kan kallast inn med 8 dagers varsel.

 

7.      Hamna

Det daglege ansvar for hamna kviler på styret eller den/dei som vert utpeika av styret.

Styret/plassansvarleg  tildeler båtplassar.

Styret eller den/dei som vert utpeika til å ha det daglege ansvaret for hamna skal syte for at naudsynt vedlikehald vert gjort.

 

8       Medlemsavgift,  årsavgift og innskot

Kvar båtplasseigar pliktar å betale medlemsavgift, årsavgift vedtatt av årsmøtet. laget.

Denne avgifta skal betalast sjølv om eigaren ikkje nyttar plassen.

Årsavgift og medlemsavgift skal vere betalt innan 1.mai.

 

9.      Sal og innløysing av båtplass

Når medlem ynskjer å selje båtplass har HS fyrsterett til innløysing / kjøp.

Dersom styret gjer seg nytte av fyrsteretten, skal oppgjer skje etter dei satsar som er vedtekne av årsmøtet for sal / omsetting.

Ved arv kan båtplass berre overdragast til born eller borneborn.

Andre arveforhold må godkjennast av styret.

For overdraging ved arv, skal det ikkje krevjast økonomisk oppgjer med HS.

Når medlem sel båt og samstundes ynskjer å selje båtplassen, kan han gjere avtale om at båtkjøpar får fyrsterett til kjøp av denne. Ved slikt sal skal oppgjer likevel gå gjennom HS etter dei satsar som er vedtekne.

Alle endringar av eigartilhøve skal dokumenterast med ny gyldig kontrakt med HS.

 

10.    Utleige av eigen plass

Eigar av båtplass har høve til framleige av båtplassen.

Utleigar skal melde til styret om utleigeforhold.

Leigetakar forplikta til å vere medlem i laget og betale fastsatt medlemsavgift.

 

11.    Ureining

Det er forbod mot oljesøl eller anna ureining i hamnebassenget og på land.

 

12.    Fortøyning

Småbåtlaget eig og vedlikeheld bryggjer, fortøyning av desse, og kjetting i hamna. Fortøyning av båt må den einskilde båteigar halde sjølv.

Fortøyningane skal vere slik at dei ikkje gjer skade på bryggje eller nabobåt.

 

13.    Reglar

Medlem og leigetakar skal rette seg etter dei lover og reglar som gjeld, og vil bli halden ansvarleg for skade som han påfører hamn eller anlegg.

Båtplasseigar som ikkje respekterer laget sine lover, kan seiast opp.

Han misser då båtplassen sin og vil få utbetalt innskot, minus til gode som laget har.

 

14.    Oppløysing

Oppløysing av laget kan vedtakast om 2/3 av dei frammøtte medlemane går inn for det på to årsmøter. Det må gå minst 6 mndr. mellom årsmøta.

 

 

Vedteke med gjeldande endringar på ordinært årsmøte 15.02.2013.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *