Venteliste

Her kan du melde di intresse for ein båtplass i Håvoll småbåtlag si hamn. På grunn av vanskar med folk som set seg på venteliste og ikkje tek imot plass når dei vert tilbode den, har laget sett opp nokre reglar for korleis dette skal gå føre seg frå d.d:

  • Depositum kr. 1000.- må innbetalast for å stå på venteliste til båtplass.
  • Når tilbod om båtplass vert teke i mot, går depositum som frådrag frå kjøpesum.

Om det vert takka nei til tilbod om båtplass, vert kr. 500.- av depositum refundert. Om det framleis er ønskje om å stå på liste for båtplass, må det betalast inn nytt depositum  på kr. 1000.-, og oppføring på venteliste vert ut frå ny  innbetalingsdato. Dette gjeld berre nye som skal stå på venteliste frå d.d.

Fyll inn skjemaet under og trykk «send inn».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *